Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Gudenes voktere

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Spilletider

Bilde for arrangement Gudenes voktere

Informasjon

Vaksne er nokre gonger som gudar. Med superkreftar. Dei beskyttar deg. Dei er dei snillaste i verda. Dei held nøkkelen til framtida di. Nokre gonger er dei farlege. Det veit du. Men dei veit ikkje om superkrafta di. At du kan sjå rett igjennom dei. Gudenes voktere er eit teaterstykke om det som forenar barn over hele verda: å leve i ei verd styrt av vaksne. Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Erik Uddenberg, og teksten er basert på intervju med barn og vaksne frå 11 forskjellige land på fem kontinent. I løpet av 2025 vil stykket bli framført i alle dei 11 landa på språket deira. Stykket er ein del av The Childhood Project – eit stort internasjonalt samarbeid mellom alle dei deltakande teatera, frå Bangladesh til Finland. Prosjektet har som mål å fremje kultur for barn og unge over heile verda. Verdspremieren finn stad i Diyarbakır, Tyrkia, den 30. mai, deretter kjem den norske premieren under Heddadagane i Oslo, den 10. juni. PASSAR FRÅ 9 år. Med Marianne Hetland og Sindre Strand Offerdal Manus/dramaturg Erik Uddenberg Regissør Gustav Deinoff Scenograf og kostymedesignar Deniz Göl Komponist og lyddesignar Tayza Naing Koreograf Diana Meriline Norsk omsetjing Hilda Levin Samarbeidsteater Alley Theatre, Houston – USA Mordem Arts Centre, Diyarbakır – Tyrkia Theatre Direct, Toronto – Canada La Covacha Teatro, Mexico City – Mexico Theater Festival/Assitej, Warszawa – Polen Unge Viken Teater, Lillestrøm – Norge Svenska Teatern, Helsingfors – Finland Drama for Life, Johannesburg – Sør-Afrika Prachyanat Theatre, Dhaka – Bangladesh Complejo Teatral de Buenos Aires – Argentina Unga Klara, Stockholm – Sverige

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo