Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Europavisjonar

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Spilletider

Bilde for arrangement Europavisjonar

Andre spilletider

Informasjon

Powerdress eller paljettar? I Europavisjonar møtest politikk og Eurovision Song Contest. Det blir show! Bak manus og regi står Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud. I 2023 sette Formo Hay og Radoor i scene Døden på Oslo S på Økernsenteret for Nationaltheatret. Framsyninga fekk Heddaprisen for «Årets teaterforestilling». I 2025 tek dei Eurovision-entusiasmen inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Med eit stort ensemble og kunstnarleg lag skal dei no kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djup alvor går opp i ei høgare eining. Berlinmurens fall, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme!

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo