"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret
Eit heilt nytt skodespel av Jon Fosse. «Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.» Dette sa Jon Fosse i Nobelforedraget han heldt den 7. desember 2023. Det nyaste skodespelet hans, Einkvan, handlar nettopp om denne lengta etter kvarandre, og om einsemda, sorga og avmakta i ikkje å nå fram til dei vi er aller tettast bundne saman med, den næraste familien. «Kanskje eg skal prøva å snakka til han igjen», seier ei av rollene. «Ja, eg må jo kunna snakka med min eigen son». Nærleik og avstand Karakterane på scenen strevar etter å oppnå kontakt med kvarandre. Dette blir understreka av at publikum også vil oppleve ein fysisk avstand til skodespelarane på scenen. Scenograf Sven Haraldsson har skapt eit rom i scenerommet avgrensa av eit forheng av svakt gjennomsiktig plast, som stenger mellom skodespelarane og publikum. På lerret vil ein sjå levande nærbilde av skodespelarane som befinn seg inni rommet.
Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo