Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Juleroser

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Informasjon

Fleire kjende og kjære norske artistar og forfattarar er med når Herborg Kråkevik og Det Norske Teatrets skodespelarar på ny inviterer til Juleroser. Velkommen til ein varm førjulsfest på Hovudscenen! I fjor markerte vi tiårs-jubileum for det populære juleheftet Juleroser med å invitere til førjulsfest på Hovudscenen tre søndagar i advent. Det blei ei så varm og fin oppleving, at vi vil gjenta det heile i år - med nye gjestar! Her får du møte forfattarar og artistar som har bidrege i heftet i løpet av åra som er gått, saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Herborg Kråkevik er sjølv programleiar. «Juleroser» er eit samarbeid mellom Samlaget og Det Norske Teatret.

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo