"Konsert" på Det Norske Teatret
Konsert med kritikarrost elektronika! Why Kai sentrerer seg rundt komposisjonane til pianist og elektronisk musikar Kai von der Lippe. Han har bakgrunn i og utdanning frå akustisk jazz/improvisert musikk og elektronisk klubbmusikk, og har i dette prosjektet kombinert dei to musikalske verdene. I staden for å lage standard klubbmusikk med repetitive element som akkompagnement til improviserte soloar, utformar han komponerte og utviklande låtar der lydar frå jazz/impro-scenen blir blanda med dansbare rytmar og tung bass. Piano, trekkspel, akustisk gitar og feltopptak blir blanda saman med synthar og programmerte trommer, og skapar ein kontrast mellom det statiske elektroniske og det levande akustiske.
Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo