Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Arv og miljø

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Spilletider

Bilde for arrangement Arv og miljø

Andre spilletider

Informasjon

Kva er sanning? Og kven har rett til å definere kva som er sant og kva som ikkje er det? Gjennom regissør Kjersti Horns rå og ærlege uttrykk, og med bruk av videoprojeksjonar, kjem vi tett på hovudpersonen Bergliot si overgrepshistorie og hennar grenselause fortviling. Omdiskutert roman Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths omdiskuterte roman, som sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata. Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo