Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Forbrytar og  straff

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Informasjon

Kva er rettferd, og korleis handterer vi brotsverk? Ei ung kvinne går omkring og ventar på at saka mot mannen som valdtok henne skal komme for retten. I fire år har ho levd i med såra av det som har hendt henne. Medan ho ventar på rettssaka, bestemmer ho seg for å fortelje, og går inn i det vonde. Tanken på brotsverket ho blei utsett for, og tanken på Han, blir som ein mani. Ho sluker alt ho kjem over om forbrytarar, åstader og ugjerningar. Tankane spinn kring kven ho er no, kven ho var før, kven overgriparen er. Samtidig pressar eit vilt skrik seg fram frå hennar indre. Eit sinne, ei smerte, ein tørst etter hemn. Ho vil heve stemma for dei millionane av kvinner som aldri har våga å gjere seg høyrlege, og heldt seg stille.

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo