"Dans og ballett" på Det Norske Teatret
I eit samfunn der strenge kroppsideal råder, er My Body My Home ein invitasjon til å sjå skjønnheita i kvart einskild menneske. Her blir styrkane i dansaranes kroppar, aldre og evner framheva, og på scenen er det plass og rom for alle. - Alle kan danse, du må berre utforske kva dans kan vere. - Elen Øyen - utøvar frå Danselaboratoriet. Dette unike verket er skapt i tett samarbeid mellom den Bergen-baserte koreografen Daniel Mariblanca og kompaniet hans 71BODIES - eit inkluderande dansekunstkompani som jobbar med og i marginaliserte grupper - og dei to trondheimsbaserte kompania Danselaboratoriet (som består av dansarar med og utan ulike funksjonsvariasjonar) og Danseteateret (seniordansarar) - begge drifta av DansiT - Koreografisk senter. My Body My Home inviterer publikum til å bli allierte, til å oppleve djupe uttrykksmåtar for sårbarheit, mot, kjærleik, vennskap, følelsar og skjønnheit. Dette er vår revolusjon! Ein mjuk revolusjon som treffer midt i hjartet. – Daniel Mariblanca
Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo