Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Les Misérables

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Spilletider

Bilde for arrangement Les Misérables

Andre spilletider

Informasjon

Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, er i denne versjonen ikkje musikal, men i ein rå teaterform. I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på. Her blir Les Misérables eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris. Det er radikal historieforteljing, ein blottlagt teaterleik og ein påminnar frå ei anna tid om å halde fast i det som til alle tider er viktigast: medmenneskelegheit. Fange nummer 24601 Les Misérables er historia om straffefangen Jean Valjean som stel eit brød til søstera og barna hennar som svelt, og må bøte for dette resten av livet. Det handlar om ein mann som ikkje har ein sjanse i eit system som blindt følger reglane, også når dei er urettferdige. Handlinga strekk seg over ein periode på over 17 år frå 1815, og kulminerer i 1832 med det franske juniopprøret . Ei historie om utanforskap Teatersjef og regissør Kjersti Horn har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap . Dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil. Her gir ho nytt liv til det samfunnskritiske eposet, og sørger for at vi ikkje kan sjå bort fra alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo