Logo Kultur i kveld Kultur i Kveld

Juleoratoriet

"Teater/Musikal" på Det Norske Teatret

Informasjon

Göran Tunströms store roman frå 1983 blir teaterhaustens storhending på Hovudscenen. Juleoratoriet er ei familiesoge som spring ut frå Sunne i Värmland og som spenner over tre generasjonar og to verdsdelar – med forholdet mellom far og søner som omdreiingspunkt. I Juleoratoriet møter vi Aron Nordensson som mistar den høgt elska kona si og seinare seg sjølv. Solveig Nordensson hadde ein draum om å oppføre Bachs Juleoratorium i kyrkja i den vesle byen Sunne. Det skal gå tre generasjonar før denne draumen blir verkeleg. Aron, ektemannen, søker tilflukt i stilla. Sonen Sidner leitar etter kjærleik og samhald etter moras død, og må reise til den andre sida av jorda for å finne det. Først barnebarnet Victor blir i stand til å realisere bestemoras visjon om å oppføre det monumentale verket. Ei tid som ikkje lenger er Juleoratoriet er ei forteljing om korleis hendingar kan forme menneske gjennom generasjonar, og korleis alle liva våre på sett og vis er fletta saman. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store verk. Stor forteljing Romanen kom ut i 1983 og er blir sett på som eit av Göran Tunströms viktigaste verk. Den fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984 og blei filmatisert i 1996. Eirik Stubø set i scene denne episke familieforteljinga. Med seg har han Erlend Birkeland som scenograf og Ellen Ruge på lysdesign. Juleoratoriet er dramatisert for scenen av Alexander Mørk-Eidem og Cecilia Ölveczky.

Lokasjon

Adresse: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo