"Teater/Musikal" på Det Vestnorske Teateret
POLITI! 2 -Ein bergensk true crime I denne andre delen av trilogien om politiet i Bergen skal vi tilbake til nittitalet. Medan ekkoet av politivaldssakene stadig kan høyrast mellom veggane i politihuset, held politiet og påtalemakta i Bergen fram med å gjere grove feil som øydelegg livet til uskuldige: I Mindedrapet, i Landåssaka og i rådmannssaka, som òg blir til Wegnersaka. Byen vest for loven Felles for personane som blei skulda i sakene er at dei stakk seg ut – og derfor pådrog seg mistanke. Dei hadde også til felles at dei til slutt vart frifunne, takka vere hjelp frå andre enn politiet og påtalemakta – anten det no var dyre medhjelparar, angrande kriminelle eller oppofrande idealistar. «Det er ille overalt, men det er verst i Bergen - byen vest for loven», seier kjendisetterforskaren og austlendingen Ola Thune. Er det verkeleg sant? Og i så fall kvifor? Intrigar og kamp Politi! 2 er ein kollisjon mellom den patriotiske bergensaren og den kompromisslause austlendingen. Saman levandegjer dei ulike synsvinklar på sakene og hendingane. Når den intime og intense framsyninga er slutt, har dei forhåpentleg kriga seg ferdig. Og du har vore med på ein berg- og dalbane av mystisk terror mot kommunetoppar, infame intrigar på politikammeret, kamp for å overleve offentleg fornedring og sist men ikkje minst; kampen for politiets gode namn og rykte, og for byens ve og vel. Kunstnarleg lag Manus og regi Aslak Moe Scenografi og kostyme: Lise Christensen Lysdesign: Jan Holden Med Sigmund Njøs Hovind og Vibeke Flesland Havre Om trilogien Politi 1 hadde premiere januar 2024. Politi 2 har premiere 25.september 2025, og den siste Politi 3 kjem i 2027. Dei tre er frittståande stykke og du treng ikkje sjå alle tre for å ha utbytte og glede av kvar del.
Adresse: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen