"Teater/Musikal" på Det Vestnorske Teateret
Skulerevyen På Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen: 28. august – 4. oktober Sitat: TEI STILLE! SETT DEG NED! Velkomen til ein lattervekkande og treffsikker komedie om skulen – den evige slagmarka mellom lærarar, elevar og foreldre! Sitat: RETT I RYGGEN! FINN FRAM MATTEBOKA! I Skulerevyen tar vi eit humoristisk djupdykk inn i kvardagen i norske klasserom. Her møter du læraren som må navigere mellom lettkrenka elevar, skjermar i undervisninga og foreldre som enten blandar seg for mykje eller ikkje i det hele tatt. Sitat: LEGG VEKK MOBILEN! IKKJE VIPP PÅ STOLEN! Kva skjer når læraren mister grepet om klasserommet? Når foreldra forventar at skulen tar over barneoppdragelsen? Og når vald og uro blir ein del av timeplanen? Sitat: INN I SKAMMEKROKEN MED DEG!!! Denne framsyninga set lys på utfordringane i skulen, men med ein god dose latter og treffsikker satire. DRAMATIKARANE: Det Vestnorske Teateret er stolte over å ha med OLAUG NILSSEN, SELMA LØNNING AARØ og CHRISTINE HOPE i utviklinga av manuset. Saman med regissør FRODE GJERLØW, dramaturg på teateret ASLAK MOE, og teatersjef THOMAS BYE har dei sett seg som mål å favne så mykje av skulekvardagen som mogeleg. Men uansett kor sørgeleg og trist utgangspunket kan vere, har dei heile tida leita etter humoren, og tvisynet. Skulerevyen er ei framsyning for deg som har gått på skulen, har barn på skulen, du som burde ha tatt opp nokre fag, som aldri vil setje føtene på ein skule igjen, som jobbar på ein skule, eller berre elskar en god komedie om norsk verkelegheit. På Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen: 28. august – 4. oktober Av Olaug Nilssen, Selma Lønning Aarø, Christine Hope, Frode Gjerløw, Thomas Bye, Aslak Moe. Regi: Frode Gjerløw. Scenografi og kostymdesign: Lise Christensen. Lysdesign: Jon Eirik Sira. Med: Christine Hope, Thomas Bye/Anders Vårdal Gjerde, Kristoffer Egset, Eirik Risholm Velle. detvestnorsketeateret.no
Adresse: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen