Last ned appen!
Bilde for arrangement Linda Eide – språksjov
Humor

Linda Eide – språksjov

Kilden, Kristiansand
450 - 550 NOK

Om arrangementet

Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No har Linda Eide gått laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sjovsekken. Med seg på scenen har ho Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø, som begge sørgjer for musikalsk og verbal bækking. På kvar stad dukkar det òg opp ein lokal gjest, som trioen har invitert. Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyllar og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda – språket! Linda Eide – sjovleiar med blokkfløyte og wind synth Sjur Hjeltnes – pianist med utdanning og innsikt Halvor Folgerø – seniorkonsulent med fagott og bass Lokal gjest – TBA

Lokasjon

Adresse: Sjølystveien 2, 4610 Kristiansand