Tilbake
Bilde for arrangement Melancholia I og II - Av Jon Fosse
Teater/Musikal

Melancholia I og II - Av Jon Fosse

Kilden, Kristiansand
375 NOK

Om arrangementet

Melancholia II og I Av Jon Fosse Scenetekst av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist Mysteriet rundt sjukdomen og skaparkrafta til landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) er kjernen i Jon Fosse sine to Melancholia-romanar – og i Ymist si omfattande framsyning Melancholia II og I. Framsyninga utforskar oppløysinga av sinnet, skiftingane mellom håp og fortviling, kjærleikskraft og eksistensiell einsemd. Ho utforskar tapet av kontroll over kroppen og vegen inn i døden. Romanteksten blir løfta frå boksida og inn i scenerommet, der han strøymer gjennom skodespelarkroppane. Det suggererande og til tider ugjennomtrengelege språket til Fosse får scenisk form i eit stort, heilskapleg kunstverk, der den talande og koreograferte kroppen står side om side med musikk, scenografi og lysdesign. Lars Hertervig prøvde å fange lyset i bileta sine. Han meinte sjølv at den stadige stiringa på landskap i solskin – og mangelen på gode fargar – var årsaka til at han blei psykotisk. «Eg skal male ditt bilete bort», gjentek han. I denne setninga ligg både ei øydeleggjande og ei livgjevande drift – eit mørker og eit lys. Det er i dette spennet framsyninga navigerer. Ymist snur på Fosse sin kronologi: Først møter vi Lars gjennom minna til systera Oline. Deretter gjennom forfattaren Vidme, som har bestemt seg for å byrje på ein roman om Lars Hertervig. Til slutt blir publikum kasta inn i Lars sine eigne kvernande tankar og akselererande psykose. Medverkande Melancholia I Erlend Samnøen – regi og koreografi Morten Espeland – utøvar Huy Le Vo – utøvar Ine Marie Wilmann – utøvar Oda Radoor – dramatisering og dramaturg Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign Nils Jakob Langvik – komponist Kjersti Alm Eriksen – scenografi og kostyme Daria Zarbeeva – teknikar Billie Barker – produsent Melancholia I er støtta av Norsk kulturråd, Fond for utøvande kunstnarar og Fritt Ord. Melancholia II Morten Espeland – utøvar Gaute Storsve – komponist Maja Nilsen – scenografi og kostyme Oda Radoor – dramatisering og dramaturg Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign Erlend Samnøen – regi og koreografi Melancholia II er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou Scene, Fond for utøvande kunstnarar, Bergesenstiftelsen, Fritt Ord, Oslo kommune og Hordaland fylkeskommune. Om Ymist Ymist er eit norsk scenekunstkompani skipa i 2014 av skodespelar Morten Espeland og koreograf og regissør Erlend Samnøen. Kompaniet arbeider i skjeringspunktet mellom teater, dans og performance, og er særleg kjend for eit scenisk uttrykk der koreografert rørsle er like viktig som den talte teksten. Ymist tek ofte utgangspunkt i litterære tekstar som ikkje er skrivne for scena, mellom anna verk av Jon Fosse, Tarjei Vesaas og Thomas Mann. Målet er å gje litteraturen kropp og utforske teksten sin materialitet gjennom skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk. Kompaniet har markert seg på scener som Black Box teater, Tou Scene og Cornerteateret, og har mottatt kritikarros for arbeidet sitt.

Lokasjon

Adresse: Sjølystveien 2, 4610 Kristiansand

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.