Tilbake
Bilde for arrangement Melancholia II - Av Jon Fosse
Teater/Musikal

Melancholia II - Av Jon Fosse

Kilden, Kristiansand
100 NOK

Om arrangementet

Melancholia II Av Jon Fosse Dramatisert av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka frå kaien og opp til huset sitt – med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag. Framsyninga handlar om det fundamentale i menneskelivet: om skam og verdigheit, kjærleik og død. Det er ei sår historie om det å høyre saman med nokon, om kroppsleg og mentalt forfall – og om det vakre i det fråstøytande. Jon Fosse skriv frå innsida av tankestraumen til Oline, frå innsida av den skrøpelege kroppen. Ein kan kjenne korleis beina hennar verker, og skamma over ikkje å ha kontroll på eigne kroppsfunksjonar. Samstundes kjenner ein varmen og lyset i minna ho har om broren – landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) – som ho aldri heilt forstod, eller kanskje ikkje heilt våga å forstå. Romanen er eit trippelportrett: Av Oline, av Lars – og av skrivaren sjølv. Gjennom rytmen og pusten i teksten gir forfattaren seg til kjenne. I framsyninga forsøker skodespelaren å gestalte denne språkrytmen gjennom eit gjennomkoreografert fysisk språk: Skodespelaren ser på skrivaren, som ser på Oline, som igjen ser på broren Lars. Melancholia II Morten Espeland – utøvar Gaute Storsve – komponist Maja Nilsen – scenografi og kostyme Oda Radoor – dramatisering og dramaturg Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign Erlend Samnøen – regi og koreografi Om Ymist Ymist er eit norsk scenekunstkompani skipa i 2014 av skodespelar Morten Espeland og koreograf og regissør Erlend Samnøen. Kompaniet arbeider i skjeringspunktet mellom teater, dans og performance, og er særleg kjend for eit scenisk uttrykk der koreografert rørsle er like viktig som den talte teksten. Ymist tek ofte utgangspunkt i litterære tekstar som ikkje er skrivne for scena, mellom anna verk av Jon Fosse, Tarjei Vesaas og Thomas Mann. Målet er å gje litteraturen kropp og utforske teksten sin materialitet gjennom skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk. Kompaniet har markert seg på scener som Black Box teater, Tou Scene og Cornerteateret, og har mottatt kritikarros for arbeidet sitt. Melancholia II er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou Scene, Fond for utøvande kunstnarar, Bergesenstiftelsen, Fritt Ord, Oslo kommune og Hordaland fylkeskommune

Lokasjon

Adresse: Sjølystveien 2, 4610 Kristiansand

Installer på mobil
For iOS-brukere

For å installere appen på iPhone eller iPad:

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Gå til øvre høyre hjørne (Chrome) eller bunnen (Safari) av nettleseren og trykk på delingsikonet ().
  3. I menyen som vises, bla ned og trykk på 'Legg til på Hjem-skjerm'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.
For Android-brukere

For å installere appen på enheten din (Chrome, Firefox eller Microsoft Edge):

  1. Åpne nettstedet i nettleseren din.
  2. Trykk på nettleserens menyikon:
    • I Chrome eller Firefox: Trykk på de tre vertikale prikkene () i øvre høyre hjørne.
    • I Microsoft Edge: Trykk på menyikonet () i nedre høyre hjørne.
  3. I menyen som vises, finn og trykk på installasjonsalternativet:
    • I Chrome eller Firefox: Velg 'Legg til på startsiden' eller 'Legg til på startskjermen'.
    • I Microsoft Edge: Velg 'Legg til på telefon'.
  4. Følg eventuelle ytterligere instruksjoner på skjermen.