Last ned appen!
Bilde for arrangement FELEMAKAREN
Konsert

FELEMAKAREN

Riksscenen, Oslo
310 - 410 NOK

Om arrangementet

«Felemakaren» tek publikum inn i hjartet av felemakarverkstaden. Med utgangspunkt i vossingen Sigvald Rørlien sitt lange virke som felemakar inviterer skodespelar Morten Svartveit og spelemann Alexander Aga Røynstrand til ei reise gjennom treverk, handverk og klang. Med seg har dei eit stjernelag av hardingfelespelarar. Vi følgjer livsløpet til ei hardingfele: frå grantreet i skogen og trestykket som kjem inn i verkstaden, gjennom utforming, høvling, pussing, liming og montering, heilt til bogen møter strengene for første gong. Sigvald Rørlien er blant landets fremste felemakarar.  Han har nettopp fylt 80 år, bygger framleis og held no på med fele nr. 87 i rekka. Denne kvelden kjem tonane frå feler han har laga. Morten Svartveit - skodespelar Ottar Kåsa - hardingfele nr. 80 Alexander Aga Røynstand – hardingfele nr. 78 Nils Økland – hardingfele nr. 31 Einar Olav Larsen – hardingfele nr. 72 Helge Brøndbo Plassen – hardingfele nr. 74 Gunn Synnøve Brøndbo - trekkspel Anna Margrethe Emmerhoff – hardingfele nr. 82 Åsmund Nesbakken Aga - hardingfele nr. 79 Halvor Heierland Farsethås – hardingfele nr. 70 Voss Spelemannslag Rørlien Spelemannslag Kunstnarleg ansvarleg, tekst og scene: Mari Hesjedal Musikalsk ansvarleg: Alexander Aga Røynstrand Lysdesign: Silje Grimstad Foto: Per Finne «Felemakaren» er tingingskonsert til Osafestivalen 2026. Produsert av Osafestivalen i samarbeid  Hardingfela.no , Riksscenen og Ole Bull akademiet. Støtta av: Voss Sparebank, Karen og Lars Helgeland sitt Minnefond, Hordaland folkemusikklag og Voss Energi Tags: riksscenen

Lokasjon

Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo