HEFRE / FLOTTORP: SOM LINDI BERE LAUV

"Konsert" på Riksscenen

Billetter og informasjon

Bilde for arrangement HEFRE / FLOTTORP:  SOM LINDI BERE LAUV
Pris:
200 - 300 NOK

Beskrivelse

I komponeringsarbeidet har dei tatt utgangspunkt i eit knippe lokale folkesongar frå Midt-Telemark og bygdene rundt. Dette materialet har så blitt bearbeida for å lage nye songar og slåttar. Konserten går over tre satsar som tar deg med gjennom eit menneskeliv. Det startar med barnesong og leik, går vidare over til ungdomstid, til vaksenliv, bryllaup og arbeid, før det glir over i livets siste fase. Akkurat slik som lindi bere lauv. Urframføringa i Bø kyrkje vakte stor begeistring og festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meinte dette var “eit sjeldant komplett tingingsverk”. Det blei tidleg klart for fleire at dette var ein konsert som hadde livets rett også utover denne kvelden, og no er altså musikken innspelt og plata klar til å sleppast. Igjen er det den samme gjengen frå urframføringa som står på scena og er klare for å spele seg gjennom livet endå ein gong. Johanne Flottorp - komposisjon, hardingfele, fele Anders Hefre - komposisjon, trøorgel, piano, treblås Anne Gravir Klykken - vokal Anders Erik Røine - munnharpe, langeleik, gitar, vokal Åsmund Solberg - gitar Anders Bitustøyl - kontrabass, elektrisk bass Jostein Rørmark - trommer og perkusjon Tags: riksscenen, folkpåtorsdag

Lokasjon

Adresse: Trondheimsveien 2T, 0560, 0506, 0552 Oslo