Kjærleik, faktisk

"Teater/Musikal" på Salt

Billetter og informasjon

Bilde for arrangement Kjærleik, faktisk

Se alle spilletider:

Beskrivelse

Kjærleik Faktisk 2025 «Dersom du ser godt etter, har eg ei snikande kjensle av at du vil oppdage at kjærleik faktisk er overalt,» seier statsminister David i starten av julefilmklassikaren Love Actually ... ja, dersom den hadde vore skriven på nynorsk, altså! Og det har vi gjort – igjen! Etter fjorårets jubel på SALT er vi tilbake med ein ny, oppussa versjon av Kjærleik Faktisk. Dette er ei heimesnekra og lettbeint framsyning med alle dei kjende og kjære karakterane frå folks favorittjulefilm, no med endå meir spelarglede, overraskingar og nynorsk julestemning. Vil Harry framleis falle for Mia sine saftige sjekkereplikkar? Vil Colin få napp når han prøver lukka på Jessheim? Og kan fatshaminga av normalvektige Natalie verke endå meir absurd på nynorsk? Svaret får du denne førjulstida på Arktiske Hovedscena på SALT. Framsyninga er laga av og med gjøglergruppa Restefest. Restefest har sitt utspring frå studentrevymiljøet og Studentersamfundet i Trondheim, og består av ein gjeng som har flytta til hovudstaden for å bli seriøse vaksne – men som stadig fell tilbake til gamle gjøglertriks. Etter Melodiens Pris – ein mgp jr.-musikal, fjorårets Kjærleik Faktisk og vårens Høgskulemusikalen, er vi stolte over å igjen gje deg humor, nostalgi og julevarme i perfekt blanding. Medverkande Bendik Johansen Daniel Damvall Emma Bang Synnes Emilie Teichroen Fredrik Vildgren Hanna Breen Gravem Hilde Vestre Sem Ina Høie Ive Berge Stemsrud Jonas Boym Flaten Karen Francke Lise Haug Nilsen Martin Næss Odin Liaklev Rikke Skindlo Sander Fridtjof Lerøen Selma Lerkerød Flo Stina Bang Synnes Stine Sisselsdotter Stolpestad Thea Kristine Fremstad Victoria Rasch Eldby

Lokasjon

Adresse: Langkaia 1, 0150 Oslo