"Teater/Musikal" på Riksteateret
«Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades. Faysas nærmaste vennar og familiemedlemmer står på kvar si side i gjengkrigen. Ho har ikke lenger oversikt over kor mange ho har mista. Nå fortel ho historia si. Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater av Faysa Idles brennaktuelle bok, «Et ord for blod». Historia hennar vedkjem oss alle, uavhengig av kven vi er eller kor vi bur. Kanskje kan Faysas forteljing opne for samtaler om korleis vi kan skape eit samfunn der vi tar betre vare på kvarandre? -- «Faysa Idle forteller sin historie på sterkt og ærlig vis» Dagens Næringsliv «En fortelling som river i hjertet og gir deg frysninger» Gyldendal Norsk Forlag --
Adresse: Gullhaug Torg 2b, 0484 Oslo