"Konsert" på Sentrum Scene
Dørene åpner kl. 19.00. Billetter gir tilgang til både ståplasser i hovedsal samt unummererte sitteplasser på galleriet, tilgjengelig etter først til mølla-prinsippet. Side Brok Side Brok feirar 25 år med ny plate og miniturné! Hiphop-gruppa frå Hovdebygda slo for alvor gjennom i 2004 med hits som «1, 2, 3, fyre» og «Rist med raua» frå den Spellemann-nominerte debutplata «Høge brelle». Same året vann dei NRK P3s Urørt-konkurranse og VGs pris for beste liveband på by:Larm. Sidan har dei gitt fleire album, singlar og mixtapes. Det er 12 år sidan førre album, og no har Side Brok gjort det einaste rette og laga eit heilt album i lag med gruppas gode ven – og din favorittbonde, Sirkel Sag. «All verda» er ute i september. På scena er Side Brok som dei alltid har vore: Eit stort, tight og leikande band som blandar reggae, jazz, funk og disco i miksen. Ein Side Brok-konsert er alltid ein fest og ei hylling av livet, musikken og kjærleiken. Det er ikkje alltid så lett å vite kva som er kødd og kva som er seriøst. Men alt er sant. Ingen veit kor lenge Side Brok vil halde det gåande, men dei lovar at ein eventuell avskjedsturné aldri vil verte annonsert. Som Sjef R sjølv rappar på den komande plata: «me gjer dette her så lenge det er kjekt / og så plutseleg ein dag så er me berre vekk». sidebrok.no Side Brok på facebook Lytt på TIDAL og på Spotify Arrangementet har 18 års aldersgrense med legitimasjonsplikt. Ingen vergeordning. Det sjekkes legitimasjon av alle publikummere som antas å være under 25 år. Gyldig legitimasjon er fysisk nasjonalt ID-kort, pass, fysisk førerkort eller bankkort med bilde. Digital legitimasjon eller bilde av legitimasjon er ikke gyldig legitimasjon. Foto på legitimasjon må være lett identifiserbar med bruker. The event has an 18-year age limit with ID requirement. No guardian arrangement. Identification will be checked for all attendees assumed to be under 25. Valid identification includes a physical national ID card, passport, physical driver's license, or a photo ID bank card. Digital identification or photo of identification is not valid identification. The photo on the ID must be easily identifiable as the user's. Les arrangørens kjøpsvilkår her. Se www.rockefeller.no for fullstendig program. Praktisk info om konsertene finner du her. Nærmeste trafikknutepunkt er Storgata og/eller Jernbanetorget. Se ruter.no for mer info.
Adresse: Arbeidersamfunnets Plass 1, 0181 Oslo