Storhammer
"Teater/Musikal" på Nynorskens hus
Beskrivelse
Teaterlaget byr på krimkomedie i årets førjulsframsyning. Året er 1949. Staden er Lillehammer Hotell. Det er snart jul og den vesle norske innlandsbyen skal nyttast som location i ein stor Hollywood-produksjon. I Storhammer møter du eit variert galleri av gjestar og tilsette på hotellet. Alle har noko å skjule, dei er berre ikkje så flinke til det. Når ein fullstendig ubetydeleg tilsett ved hotellet blir funnen drepen i eit skap, blir Noregs fremste og einaste kvinnelege detektiv, Mona Hauge, sendt opp frå Oslopolitiet for å leie etterforskinga. Detektiv Hauge må bruke alt ho har av intuisjon (både kvinneleg og vanleg) til å løyse gåta og finne mordaren. Vil ho klare det, og forhindre nye drap ved hotellet? Det blir høg drinkføring, kjappe replikkar, og ikkje minst – mord! Manus og regi: Aila Eckhoff Sinober Framsyninga varer i omlag 1 time og 20 minutt utan pause. Eit par karakterar i framsyninga snakkar på engelsk. Framsyninga er støtta av Kulturdirektoratet og Studieforbundet kultur og tradisjon. Denne framsyninga blir spelt av gruppe 2. Gruppe 2: Mona Hauge: Marte Sonni Guldvog Børre Hansen: Fredrik Elfstrand Laila Hoffman: Silje Dahl Fredrik Larsen: Endre Flatmo Morten Voldbakken: Ammar Banewais Marna Austrlheim: Anne Cathrine Johansen Tanja Holmes: Sunniva Vikøren Benny Mildew: Terje Svindseth Ronnie Stienwein: Henri Aasen Kari Haugrud: Camilla Hole Velkommen til Teatersalen og Nynorskens hus. Rosenkrantz’ gt 8, Oslo.
Lokasjon
Adresse: Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo