Last ned appen!
Bilde for arrangement Bare Folk og Sluppen Grafokordlag – Antikvariatet
Konsert

Bare Folk og Sluppen Grafokordlag – Antikvariatet

Antikvariatet, Trondheim
100 - 200 NOK

Om arrangementet

Bergens heilt eigne folkejazzviseduo Bare Folk er allereie kritikarrost og forankra som noko særeige på musikkscenen. I kveld kjem dei til Trondheim og speler på Antikvariatet! Med hjartet og gitaren planta i visesjangeren, og tydeleg inspirasjon frå jazz og folkemusikk, spinn Bare Folk harmoniske, originale melodiar som strekker seg frå melankoli til livsglede. Den urgamle samanhengen mellom lyrikk og musikk stråler gjennom med ny vitalitet i Bare Folk sine solide låtar – på dialekt! Lovise Espeland, vokal Jonahan Krabbe, gitar Med seg har dei Sluppen Grafokordlag er eit frittfarande folkefusion-band med eitt bein solid planta i midtnorsk tradisjonsmusikk, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, stubbar og salmetonar med eit spenn av musikalske stiltrekk i ein original og leiken sound. Med musikarar bevandra i jazzen, folkemusikken, kunstmusikken, punkrocken og kyrkjemusikken byr dei på fengande låtar på trøndersk, prega av ein oppvekst på 90-talet. Runa Kvalsund, vokal, banjo Erlend Haseth, gitar Ragnhild Nelvik Bruseth, bass Maren Barlien, synth, harmonium Frank Hannasvik, trommar

Lokasjon

Adresse: Nedre Bakklandet 4, 7014 Trondheim